KARP - Kamina Artist and Researchers Residency Platform:
Tre veker i november 2018 har 13 kunstnarar frå 5 land jobba på den historiske staden Kamina, utanfor byen Atakpamé i Togo. Opphaldet leia ut i ei utstilling på staden.
Karp (Kamina artist and researchers residency platform) er eit prosjekt initiert for å handsame den historiske åstaden for radiostasjonen "Funkstation Kamina" på ein kunstnarisk måte.
Radiosendaren var heilt sentral for dåverande kolonimakt Tyskland. Radiosignala strakk seg i ein omkrets på 6000 km, og fungerte som direktelinje til Berlin for all tysk kommunikasjon i Afrika.
Karp Kamina er eit initiativ for å synleggjere ein historie som er iferd med å verte gløymd.
Dei overordna måla til prosjektet er å:
- Stimulere til eit levande kunstnarfellesskap og syne den kulturelle aktiviteten i Togo.
- Skape sterke band mellom kunstnarar i regionen, samt med internasjonale kunstnarar.
- Skape mogelegheitar for lokale og internasjonale samarbeidsprosjekt.