"Do you need money?" consists of four public performances, in Tromsø, in Oslo, and in Newcastle. The project was partly a response to a legislative proposal which would make begging illegal in Norway. The proposal made me curious to investigate what exactly the law would make illegal, considering the different elements in begging, like "giving money to a stranger", "receiving money from a stranger", "asking a stranger for help", as well as the appearance on the street. The project added another element into the mix, in "asking a stranger to receive a gift". Important questions in the project were: How the necessity for the receiver to take a more active part in choosing to approach me, as the giver, would change the space of the meeting between the giver and the receiver? What kind of implications a "reversed" transaction would lead to? And; can you "beg" for someone to receive?

"Treng du pengar? Værsågod, berre ta!"

I 2013 var «tigge-debatten» ei av dei mest debatterte sakene i norske media. Oslopolitiet køyrte romfolk til tilfeldige aude stadar utanfor byen utan hjemmel i norsk lovverk. Når eg sat på gata og gav vekk pengar var det ei slags leiting etter ein annan form for samfunn.

Eg var nyfiken på kva for implikasjonar ei enkel retningsforandring i transaksjonen kan føre med seg for mottakeren eller observatøren av situasjonen.

«Løsgjengerloven» vart oppheva i 2006, og ein av grunnane til kvifor tigging ikkje lengre skulle vere ulovleg var at ubehaget folk kan oppleve i møte med tigging, ikkje kan seiast å vere stort nok til at straff er rettferdig. Justisdepartementet skifta syn på tigging frå å vere eit juridisk problem til å verte eit sosialt problem.

I Storbritannia er tigging framleis ulovleg som følgje av «The 1824 Vagrancy Act». Viss ein tiggar på falske premissar kan ein bli tiltalt for «The 1968 Theft Act», og ein tiggar som framstår som truande kan bli tiltalt under «1968 Public Order Act». Dette er ein følgje av ein ideologisk fundert null-toleranse for kriminalitet, som betyr at kriminalitet som tigging, offentleg drikking og graffiti er særs viktige å kontrollere sidan desse formene for kriminalitet kan leie til alvorligare formar for kriminalitet.

På 90-talet gjorde Tom Hall eit feltarbeid på tigging i England. Eit av funna han gjorde var at pengegaver frå framande fremmar ein distansert relasjon mellom partane, framfor å foreine dei. «The unilateral gift debases and amarks us out as less than the other, and in this way gifts can leave us worse off: some gifts make us poor».

Den beste givar var den som berre ga utan å veksle blikk med tiggaren, medan givarar som ville uttrykke empati og forståing verka forstyrrande på mange av tiggarane Hall snakka med. Eit døme på det er følgjande ytring frå ein av dei involverte i feltstudien: «... the point was that we wanted them to stay strangers, despite the fact that – they were giving us something for nothing. Such unreciprocated exchange had the potential to put us somewhere we didn´t really want to be, positioning us as recipients of kindness and subordinate in consequence. This was to be recognised in another way, also shaming: recognised for what, if not who, we were.»

Mi erfaring frå Tromsø, Oslo og Newcastle er at den vetle symbolske gesten det er å snu retninga på transaksjonen skapte eit slags rom for at mottakaren av pengane kunne ta initiativ til samtale og menneskeleg utveksling, snarare enn å berre akseptere det som ein ugjengjeldt gåve.

 

P1020841.JPG
P1020895.JPG
P1020915.JPG
P1020835.JPG