Rentefritt lån av pengar på Tromsø Bibliotek.

Prosjektet blei vist i lokalene til Tromsø Bibliotek i perioden 09.12.2010 til 06.01.2011, og vart til som eit resultat av eit samarbeid mellom kunstnarane Eirik Fagerheim Kalsås og Martha Kristin Wallevik, samt det overordna samarbeidet mellom kunstakademiet i Tromsø og biblioteket i Tromsø.

Den første ideen vår var å nytta oss av den eksisterande utlånsordninga av bøker, filmar og musikk til biblioteket, og å utvide den til å også inkludere rentefritt utlån av pengar. Etter å ha presentert denne ideen i møte med biblioteksleiaren og ansatte på biblioteket viste det seg å vere vanskeleg å få dette til i praksis.

Då sat vi igjen med utopien, eller det naive håpet om eit alternativt pengesystem bygd på likevekt og tillit, i motsetnad til vekstmentalitet. Denne utopien presenterte vi gjennom eit monter med femtilapper og plakatar.

 

lån1.jpg
lån2.jpg